Både Forbrukerrådet, Lotteritilsynet, Hjelpelinjen og Spillavhengighet Norge blir ofte kontakta av bekymra foreldre og barn som har spelt vekk store summar i dataspel. I desse spela er det element som ligg tett opp til pengespel.
I media kan ein lese historier om barn som spelar vekk konfirmasjonspengane i gråsona mellom pengespel og dataspel, i kjøp og sal av skins eller lootboksar.
Gaming eller gambling? Er dette gaming og kjøp av ei vare? Eller er det gambling med innsats, tilfeldig trekning og gevinst? Problemstillingane fell mellom fleire stoler, og norske myndigheiter slit med å plassere ansvaret for problematikken. Er gamingsfæren eit lovtomt rom? Og kven skal då ta ansvar for å verne desse barna mot utnytting?