til hovedinnhold
 
Utskrift fra www.arendalsuka.no

Dette var et arrangement i 2023.


Setesdalskulturen har fått verdsarvstatus - Store verdiar og vårt felles ansvar

Arrangør
Klima2020, Setesdal interkommunalt politisk råd
Dag
Torsdag 17/8 2023 11:00 - 12:15
Arrangementstype
Debatt
Tema
By- og stedsutvikling , Kultur
Språk
Norsk
Sted
Kulturkammeret
Stedsbeskrivelse:
KLangkammeret
Antall plasser i lokalet
60
 


Om arrangementet

 

Kulturarven i Setesdal har UNESCO-status. Utøving av spel (hardingfele og munnharpe), song og dans i Setesdal vart i 2019 innlemma på UNESCOs liste for immateriell kulturarv (Representative List of the Intangible Cultural Heritage of Humanity: https://ich.unesco.org/en/lists ). Norsk kulturarv vart med det ein del av verdas kulturarv. 

Den immateriell kulturarven er svært sårbar. Om dei som veks opp i dag ikkje får kunnskap om, og tek aktivt del i den - vil den immaterielle kulturarven døy ut. Ein UNESCO-status er ei anerkjenning som forpliktar. I 2007 ratifiserte Noreg 2003-konvensjon om vern av den immaterielle kulturarven. 

Den unike kulturarven i Setesdal er heilt avhengig av dokumentasjon, formidling og rekruttering av nye utøvarar for å leve vidare i framtida. Ansvaret for å sikre dette ligg både nasjonalt, regionalt og lokalt. Setesdal tek ansvar lokalt, men dei treng bistand og ressursar frå regionalt og nasjonalt hald.   

Tidlegare kulturminister Trine Skei Grande er møteleiar for ein spanande og viktig debatt med kulturpolitikarar og fagfolk: Korleis kan ein samarbeide for at denne viktige delen av norsk kulturarv skal få ei levedyktig framtid? 

Program

 

Kulturelt innslag Gunnar Stubseid, kulturpersonlighet og felespiller

Velkommen og introduksjon v/tidligere kulturminister Trine Skei Grande
Presentasjon av prosjektet v/ Gunnar Stubseid,
Innlegg fra Kulturminister Lubna Jaffrey innspilt hilsen på video

Samtale mellom Torbjørn Urfjell, Norsk Kulturråd og Fylkesordfører Arne Thomassen
Panelsamtale mellom:

• Stortingsrepresentant, Tellef Inge Mørland, fra Arbeiderpartiet

• Visepresident Stortinget, Svein Harberg, fra Høyre
• Fylkesordfører, Arne Thomassen, fra Høyre
• Fylkespolitiker Line Kysnes Vennesland, fra AP
• Fylkes-og kommunepolitiker fra Valle, Margit Dale, fra SP

Oppsummering v /Trine Skei Grande

 

 

 

Kontaktperson
Silje Schei Tveitdal, Klima2020, 41679296
Universell utforming
Rullestoltilpasset lokale
Rullestoltilpasset WC
Servering
Ja
Sidevisninger
1328