Regjeringa har sett i gang arbeid for å utvikle betre data og metodikk for arealrekneskap, og fleire FOU miljø er engasjerte. Ein rettleiar frå KDD er lansert, men den tar i liten grad stilling til fylkeskommunen sin rolle, sjølv om det er dei som i stor grad lagar arealrekneskapa som kommunane bruker i sin planlegging. Desse bygger bl.a. på arealressurskart (AR5) utvikla for jord- og skogbruk, men fleire har peikt på at dette er for mangelfullt for med tanke på natur. Samstundes er Miljødirektoratet i gang med utvikling av grunnlaget for arealrekneskap som skal vere i samsvar med dei internasjonale standardane (vedteke av FN og EU) for økosystemrekneskap. Målet er at dette skal vere klart på nasjonalt og regionalt nivå i 2026.
Forventningane til arealrekneskap i kommunane og fylkeskommunane er å styre arealbruk slik at klimaomsyn og ivaretaking av naturmangfald vert sett i samanheng, men hittil har Regjeringa i lita grad gått inn i denne utfordringa. Når vil vi få en nasjonal arealpolitikk som integrerer klimaomsyn og ivaretaking naturmangfald, og korleis kan denne politikken effektivt følgast opp lokalt?