Kva konsekvensar har kunstig intelligens og store språkmodellar for norsk språk? Inntoget av kunstig intelligens har skapt gode samtalar om både personvern, falske nyhende og opphavsrett, men ingen snakkar om dei kulturelle og språklege konsekvensane av den nye teknologien.
Store språkmodellar som ChatGPT er på full fart inn i arbeidskvardagen, skulekvardagen og samfunnet i stort. Er slike språkmodellar ei redning for mindre språk som nynorsk og bokmål, eller vil denne utviklinga forsterke engelsk som eit dominerande språk i det norske samfunnet? Kva gjer regjeringa og styresmaktene for å møte utfordringane KI kjem med og for å sikre norsk som eit samfunnsberande språk?
I denne samtalen skal både byråkratar, politikarar og språkorganisasjonar møtest for å drøfte status og moglege tiltak for å møte dei (språk)kulturelle utfordringane kring kunstig intelligens.
Arrangementet opnar med innleiingar frå Språkrådet, Nasjonalbiblioteket og NTB Arkitekst. Etter ei kort pause blir der ein panelsamtale med Torstein Tvedt Solberg (Ap), Alfred Bjørlo (V), Åse Wetås frå Språkrådet og leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge. Ordstyrar er direktør for Nynorsk kultursentrum, Olav Øyehaug Opsvik.