til hovedinnhold
 
Utskrift fra www.arendalsuka.no

Dette var et arrangement i 2023.


Vil den nye språklova redde nynorsken?

Arrangør
Det Norske Teatret
Dag
Torsdag 17/8 2023 08:00 - 09:00
Arrangementstype
Debatt
Tema
Kultur
Språk
Norsk
Sted
Samfunnsteltet
 


Om arrangementet

Den nye språklova skal fremje likestilling mellom nynorsk og bokmål. Lova peikar på eit særskilt ansvar for å styrkje nynorsk, som er det minst brukte norske skriftspråket. Frå førearbeidet til språklova (KUDs framlegg) blir det slått fast at Det Norske Teatret «spelar ei vesentleg rolle for å fremje nynorsk og gje språket ei sentral rolle i samfunnet» (s 34).

Det Norske Teatret har skapt drama i meir enn 100 år. No kjem teateret og andre nynorskvenner til Arendalsveka med eit varsko om oppfølginga av den nye språklova.

Teateret inviterer til ei samling der vi spør: Betyr det noko som helst at lova seier at nynorsken skal prioriterast?

Politisk duell mellom Arbeidarpartiet og Venstre.

Og Det Norske Teatret byr på ei urpremiere. Mimmi Tamba kjem og syng den kjende monsterhiten "Let it go" frå Frost. Dei som deltar på arrangementet blir dei første som får høyre Mimmi Tamba framføre den nynorske versjonen. 

Medvirkende
  • Åse Wetås, Direktør, Språkrådet
  • Erik Ulfsby, Teatersjef, Det Norske Teatret
  • Monika Haanes Waagan, Dagleg leiar, Nynorsk Bedriftsforum
  • Peder Lofnes Hauge, Leiar, Noregs Mållag
  • Svein Olav Langåker, Dagleg leiar, Landssamanslutninga av nynorskkommunar
  • Torstein Tvedt Solberg, Stortingsrepresentant, Arbeidarpartiet
  • Alfred Bjørlo, Stortingsrepresentant, Venstre
  • Astrid Versto, Programleiar, Det Norske Teatret
Kontaktperson
Astrid Versto, Det Norske Teatret, 90192920, Astrid.versto@detnorsketeatret.no
Universell utforming
Rullestoltilpasset lokale
Rullestoltilpasset WC
Servering
Ja
Sidevisninger
1528