til hovedinnhold
 
Utskrift fra www.arendalsuka.no
Dette var et arrangement i 2022.

Newfoundland: Sparebankar i Metaverset!

Arrangør
SpareBank 1
Dag
Tirsdag 16/8 2022 15:30 - 16:30
Arrangementstype
Samtale
Tema
Digitalisering , Innovasjon
Språk
Norsk
Sted
MS Brisen
Antall plasser i lokalet
null
 


Om arrangementet

Kva er Metaverset? Jo, nye, virtuelle «land» med namn som The Sandbox og Decentraland. Der kjøper og utviklar både enkeltpersonar og bedrifter «tomter»; vi ser i skrivande stund konturane av ein bokstaveleg tala alternativ røyndom med handel og kulturtilbod, arbeid og fritid. Gudane veit kor dette vil enda. 

Vil bank og finans også vera til stades og tilby tenester i Metaverset? I vår annonserte storbanken HSBS storstilte planar om etablering i The Sandbox. SpareBank 1 hadde då allereie kjøpt ei tomt der. 

Korleis kan eit SpareBank 1-senter i Metaverset sjå ut? Arkitektfirmaet Snøhetta har svar på spørsmålet: Under Arendalsuka presenterer Snøhetta eit fiks ferdig konsept; teikningar og bilete av ein framtidsbank i Metaverset. Dette er også Snøhettas fyrste utforsking av dei moglegheitene som Metaverset representerer for ny arkitektur. Det er tale om utbygging av eit nyfunne land på så mange vis.  

Folk flest vil gjerne bruka minst mogleg tid på bank og finans. Logikken i Metaverset er annleis: Dette er ein «stad» som bør vera opplevingsrik og lokkande på same tid. Korleis ser ein hypermoderne sparebank i Metaverset ut? Er ei slik form for bankverksemd liv laga?  

Medvirkende
  • Karsten Huitfeldt, Prosjektleiar, Snøhetta
  • Magnus Jones, Nordic Blockchain & Innovation Lead, EY
  • Jan-Frode Janson, Konsernsjef, SpareBank 1 SMN
  • Yngvar Ugdahl, Executive Vice President, DNB
  • Morten Søberg, Direktør for samfunnskontakt, SpareBank 1 Gruppen
Kontaktperson
Morten Søberg, Direktør for samfunnskontakt, SpareBank 1 Gruppen, 97584836
Universell utforming
Nei
Servering
Nei
Sidevisninger
1426