På program.arendalsuka.no bruker vi informasjonskapsler (cookies). Når du bruker vår nettside godkjenner du dette.
 
Utskrift fra www.arendalsuka.no

Kva slags distriktspolitisk rolle kan og bør sparebankane ha?

Arrangør
SpareBank 1
Dag
Tirsdag 17/8 2021 13:00 - 13:45
Arrangementstype
Samtale
Tema
By- og stedsutvikling
Språk
Norsk
Sted
Arendal kino
Stedsbeskrivelse:
Lille sal
Antall plasser i lokalet
55
 


Om arrangementet

Distriktspolitikk er atter i vinden; dei politiske partia finpussar distriktspolitikken sin før stortingsvalet - dels for å konkurrera med Senterpartiet, dels fordi sentralisering, urbanisering og fråflytting frå Distrikts-Noreg er eit tema fleire enn før er opptekne av og har meiningar om. Samstundes er ikkje minst norske sparebankar ei distriktsnæring: fysisk til stades i heile landet og ein del av kvardag og arbeidsdag i alle landets kommunar.

Spørsmålet er korleis sparebankane kan medverka til ein meir kraftfull distriktspolitikk. Kva slags ansvar har sparebankane for å sikra busetjing i heile landet? Korleis kan sparebankane bidra til nye arbeidsplassar, inntektsstraumar og skatteinntekter i Distrikts-Noreg? Kva slags distriktspolitisk rolle har sparebankane spelt før i tida? Kva forventar politikarane av sparebankane? Og kva slags rammevilkår treng sparebankane for å styrkja norsk distriktspolitikk?

Dette - i eit nøtteskal - er tema for SpareBank 1 sin tidsrette distriktspolitikk; eit møte mellom finans og politikk og historie.

Medvirkende
  • Sigbjørn Gjelsvik, Finanspolitisk talsperson, Senterpartiet
  • Geir Straume Olsen, Statssekretær, Finansdepartementet
  • Liv B. Ulriksen, Konsernsjef, SpareBank 1 Nord-Norge
  • Håvard Teigen, Professor emeritus og forfatter av boka "Distriktspolitikkens historie i Norge"
  • Turid Grotmoll, Konsernsjef, Fremtind Forsikring
  • Ida Håvik, Kommunikasjonsdirektør, SpareBank 1
Kontaktperson
Morten Søberg, Direktør for samfunnskontakt, SpareBank 1, 97584836
Universell utforming
Rullestoltilpasset lokale
Rullestoltilpasset WC
Servering
Nei
Sidevisninger
522