til hovedinnhold
 
Utskrift fra www.arendalsuka.no
Dette var et arrangement i 2021.

50 prosent utsleppskutt i norsk skipsfart innan 2030 – korleis auka farten? 

Arrangør
NCE Maritime CleanTech
Dag
Onsdag 18/8 2021 12:30 - 14:00
Arrangementstype
Debatt
Tema
Klima/miljø , Infrastruktur
Språk
Norsk
Sted
Seilskipet Statsraad Lehmkuhl
Stedsbeskrivelse:
Stordekket
Antall plasser i lokalet
80
 


Om arrangementet

Det er om lag 1000 ulike fartøy som dominerer Noregs utslepp frå innanriks skipsfart. Skal me nå våre mål om å oppnå 50 prosent utsleppskutt her innan 2030, må halvparten av desse fartøya erstattast med nullutsleppsfartøy. I gjennomsnitt 50 skip årleg. Tilsvarande skal verdas flåte på over 55 000 skip redusera sine utslepp med 50 prosent innan 2050.

Potensialet for norske leverandørar i den grøne omstillinga er enorme, men me er i dag langt unna å oppfylla dei komande måla. Korleis skal me sikra at produksjon, forsyning og bruk av nye grøne drivstoff kjem på plass? Korleis skal me sikra at verda ser til norskekysten i utviklinga av grøn skipsfart? Kva rammevilkår manglar for næringa? Kva rolle spelar dei viktige vareeigarane? Korleis bør reiarlaga manøvrera i møte med nye drivstoff og forretningsmodellar? 

Til debatten kjem klimaministeren som jobbar for å oppfylla handlingsplanen for grøn skipsfart. Her kjem fleire politikarar, næringsaktørar som arbeider med å få opp nye verdikjeder rundt grøne drivstoff, og ikkje minst stiller dei viktige reiarane og vareeigarane. Maritime CleanTech ønsker velkomen! 

Medvirkende
  • Sveinung Rotevatn, Klima- og miljøminister (V), Regjeringa
  • Liv Kari Eskeland, Stortingsrepresentant (H), Stortinget
  • Lars Haltbrekken, Stortingsrepresentant (SV), Stortinget
  • Natalia Golis, Fylkesvaraordførar (MDG), Vestland fylkeskommune
  • Siri-Anne Mjåtvedt, CEO, Utkilen
  • Erik Ianssen, CEO, Hymatech
  • Morten Sundt, Morten Sundt, Manager, Marine, Logistics & Emergency Response, Equinor
  • Steinar Madsen, General manager, Topeka
  • Bjørn Sundland, Senior Forretningsutviklar, BKK
  • Magnus Ankarstrand, President, Yara Clean Ammonia
  • Hege Økland, CEO, NCE Maritime CleanTech
Kontaktperson
Chris Jørgen K. Rødland, Rådgjevar myndigheitskontakt og kommunikasjon, NCE Maritime CleanTech, 45438428, chris@maritimecleantech.no
Twitter:
Universell utforming
Nei
Servering
Ja
Sidevisninger
1523