til hovedinnhold
 
Utskrift fra www.arendalsuka.no
Dette var et arrangement i 2021.

Norden-samtalen: Likestilte Norden?

Arrangør
UiO:Norden
Dag
Fredag 20/8 2021 10:00 - 11:00
Arrangementstype
Samtale
Tema
Likestilling
Språk
Norsk
Sted
Nordens telt
Antall plasser i lokalet
null
 


Om arrangementet

Vi høyrer ofte at dei nordiske landa er blant dei mest likestilte i verda. Lik lønn for likt arbeid er ein lovfestet rett, det same er betalt foreldrepermisjon. Få, om nokon, har det så bra som oss. Men kan det vere at vi ikkje er fullt så likestilte som vi likar å tru? Korleis tener Norden på eit likestilt rykte, og kva konsekvensar har det for samfunna våre?

 

Likestillinga er ikkje spikra i stein, den er ikkje lik for alle. For korleis kan det ha seg at #metoo slo ned så ulikt i Norden?  Og kvifor er det sånn at den nordiske arbeidsmarknaden er prega av kjønnssegregering – der folk i typiske «kvinneyrker» framleis tener dårlegare enn menn?

 

UiO:Norden er ei verdsleiande, tverrfagleg forskingssatsing på Norden og dei nordiske landa i ein internasjonal kontekst. Under Arendalsuka inviterer vi til samtale om nordisk likestilling mellom Inger Skjelsbæk, Eirinn Larsen og Tore Rem.

Medvirkende
  • Tore Rem, Direktør, UiO:Norden, Universitetet i Oslo (UiO)
  • Eirinn Larsen, professor, Institutt for arkeologi, konservering og historie, UiO
  • Malcolm Langford, professor, Institutt for offentlig rett, UiO
Kontaktperson
Mari Bergseth Hasle, Administrativ leder, UiO:Norden, 45267706
Universell utforming
Rullestoltilpasset lokale
Servering
Nei
Sidevisninger
1123