Skulefritidsordninga (SFO/AKS) her til lands har akkurat fått sin aller fyrste, nasjonale rammeplan. Endeleg, vil mange seie. No er søkelyset sett på sektoren, og kvalitetsutvikling kjem til å vere eit viktig stikkord for framtida. Onsdag 18. august møtest ein politikar, praktikar og ein pedagog for å diskutere framtidas SFO.
Høyr kva stortingspolitikar Torstein Tvedt Solberg (Ap) i Utdannings- og forskingskomiteen, avdelingsleiar SFO Mona Gjøse Skaaren ved Jåtten skole og universitetslektor Svanaug Lunde ved Læringsmiljøsenteret, Universitetet i Stavanger har å seie om status for SFO/AKS og kva som skal til for å gje skulefritidsordninga eit løft.
Lenkje til live-stream frå Facebook: https://fb.me/e/15Rlq0Oeb
Deltakarar:
Stortingspolitikar Torstein Tvedt Solberg (Ap) i Utdannings- og forskningskomiteen,
avdelingsleiar SFO Mona Gjøse Skaaren ved Jåtten skole,
universitetslektor Svanaug Lunde ved Læringsmiljøsenteret, Universitetet i Stavanger.