til hovedinnhold
 
Utskrift fra www.arendalsuka.no
Dette var et arrangement i 2019

Challenge Nørdic – akademia, språk og samfunn

Arrangør
Språkrådet
Dag
Torsdag 15/8 2019 14:00 - 15:00
Arrangementstype
Debatt
Tema
Utdanning
Språk
Norsk
Sted
Aleppo stasjon
Antall plasser i lokalet
70
 


Om arrangementet

I 2018 vekte NTNU reaksjonar med kampanjen «Challenge everything». Mange heva augebryna da eit norsk universitet reklamerte på engelsk i Noreg. Somme meinte det var uheldig at ein reklameinspirert bodskap på engelsk hadde funne vegen til akademia, andre meinte det var nødvendig med eit spissa slagord på engelsk for å nå fram til unge og internasjonale studentar.

Men språkvala til universiteta og høgskulane gjeld meir enn éin enkelt kampanje. I høgare utdanning går bruken av norsk ned, medan engelsk blir meir og meir brukt i både masteroppgåver, undervising og forsking. Samtidig har utdanningssektoren eit lovpålagt ansvar for å halde ved like og vidareutvikle norsk fagspråk.

Korleis kan universitet og høgskular oppnå ein god balanse mellom engelsk og norsk? Kvifor treng vi eit norsk fagspråk? Og kven er eigentleg akademia til for? Desse spørsmåla ynskjer Språkrådet å diskutere saman med studentar, politikarar og representantar frå utdanningssektoren.

Medvirkende
  • Åse Wetås, direktør, Språkrådet
  • Bjarne Foss, prorektor, NTNU
  • Alf Rasmussen, generalsekretær, UH-rådet
  • Øystein Thøgersen, rektor, NHH
  • Marte Øien, leiar, NSO
  • Jens Kihl, debattleiar
Kontaktperson
Sigrid Sørumgård Botheim, seniorrådgjevar, Språkrådet, 91991277, sigrid.botheim@sprakradet.no
Twitter:
Universell utforming
Rullestoltilpasset lokale
Rullestoltilpasset WC
Servering
Ja
Sidevisninger
3535