På program.arendalsuka.no bruker vi informasjonskapsler (cookies). Når du bruker vår nettside godkjenner du dette.
til hovedinnhold
 

UWC Røde Kors Nordisk

Arrangør
UWC Røde Kors Nordisk
Tema
Internasjonalt
Stand
Stand - Torvet 137
 
Beskrivelse av standen

Stifelsen UWC Røde Kors Nordisk i Fjaler kommune er ein internasjonal vidaregåande skule som leiar fram til diplom i International Baccalaureate (IB). Skulen er ein av til saman atten United World Colleges på verdsbasis. Det første colleget vart grunnlagt i 1962 i Wales, som ei motvekt mot samfunnsutviklinga under den kalde krigen, og bevegelsen feirer i år 60 års jubileum. UWC-skulane tek i mot studentar frå heile verda, valde på grunnlag av personlege eigenskapar, utan omsyn til rase, religion, politisk ståstad og betalingsevne, valde gjennom eit nettverk av over 160 nasjonalkomitear. Skulane har eit overordna mål om å bruke utdanning til å fremje fred og berekraftig utvikling. Kvart år tek vi imot 200 ungdommer frå nær 90 ulike nasjonar. 

H.M. Dronning Sonja er skulen sine høge beskyttar 

Vi har tre grunnpilarar i vårt arbeid på UWC: 

● Berekraftig utvikling 

● Humanitært arbeid 

● Nordisk samarbeid 


Kontaktperson
Kleiven Leonora (UWC Red Cross Nordic), External Relations Leader, UWC Røde Kors Nordisk, 41448297,
Twitter