Verdsarven i Flåm og Gudvangen er på lista over verdas mest attraktive reisemål. Stor popularitet og mange besøkande skaper utfordringar i høve berekraftig utvikling og miljøavtrykk. I verdsarvområda må ein ta særskilt ansvar. Reiselivsgiganten Flåm AS har difor sett seg som langsiktig mål å skape eit utsleppsfritt og økonomisk berekraftig reisemål i takt med FN sine berekraftmål.
For å oppnå dette må ein få til dialog og aktiv samhandling mellom lokale og nasjonale myndigheiter, samt dei sentrale aktørane på sjø og land.
Saman med Bellona inviterer vi til eit seminar med fokus på mål og kva som skal til for å oppfylle desse.