til hovedinnhold
 
Utskrift fra www.arendalsuka.no
Dette var et arrangement i 2019

Konsert med Sigrid Moldestad Trio

Hovedprogram | Kulturprogram
Arrangør
Arendalsuka
Dag
Tirsdag 13/8 2019 21:30 - 22:30
Arrangementstype
Kultur/aktivitet
Tema
Kultur
Språk
Norsk
Sted
Bakgården
Antall plasser i lokalet
200
 


Om arrangementet

Genreoverskridende, folkemusikk, rock og visepop. 

Sigrid Moldestad - vokal, fele, Anders Bitustøyl – bass, Roald Kaldestad - gitarer, mandolin.

Sigrid Moldestad er ein av Norges fremste artistar innan folk, vise -og tradisjonsmusikk. Ho har eit sterkt fortellerhjarte og ei eiga evne til å berøre publikum anten det er med leikfull kraft eller melankoli og sjølvskrivne viser og tekstar. Sigrid Moldestad har i fleire år jobba tett med sine musikare, men siste åra med turnering og den forrige plata ”Vere her ” i bagasjen, har utvikla uttrykket ytterlegare. 

Genreoverskridende, folkemusikk, rock, visepop. Det er vanskelig å sette Sigrid Moldestad sin musikk i bås. ”Musikk for både hjarte og hjerne”, skreiv Aftenposten om albumet som kom seinhøstes 2017.

 ” Sigrid Superstar” skreiv anmelderen etter konserten på Vossajazz i fjor vinter. Superlativene og gode anmeldelser for konsertene har vært mange.

Sigrid Moldestad vaks opp i den vesle bygda Breim, Nordfjord og vart tidleg introdusert for felemusikken. Ho har studert folkemusikk ved Ole Bull Akademiet på Voss og har fordjupa seg i tradisjonen frå sitt heimområde. Det er også denne musikken som er inspirasjon og rot i mykje av det ho skapar sjølv.

Sigrid har gjeve ut fleire plater, både i samarbeid med andre og som soloartist, mellom anna hardingfele og vokal på jazzmusikar Karl Seglem si plate og tingingsverket frå Vossajazz, “Som spor”.   5 plater har vore i eige namn. Med platene «Taus», «Sandkorn», «Himlen har sove bort mørkret» og «Brevet til kjærleiken» har ho sidan 2007 plassert seg langt inn i den norske folkesjela. Sigrud held mykje konsertar med både band og mindre besetningar. Ho har motteke 2 spellemannsprisar og ei rekkje andre utmerkingar.

Sigrid Moldestad gav ut albumet «Vere her» hausten 2017 og fekk strålande platemeldingar landet rundt! Albumet er Sigrid Moldestad sitt 5 album og markerte hennar 10 år som soloartist. Plata fekk mellom anna ei sterk melding i Aftenposten: “No er det på tide at denne artisten blir allemannseie”.  Bergens Tidende tok fram bandet: “..kvalitetstungt band som briljerer i all sin måteholdenhet”. I bladet “Viser” skriv meldaren at han “sjeldan har hatt ein klårare femmar i spelaren sin”.  Plata fekk terningkast 5 jamt over, både i  NRK P1, Bergensavisen, Dagsavisen, Hamar Arbeiderblad med fleire.  

Kontaktperson
Arendalsuka, ,, ,
Universell utforming
Rullestoltilpasset lokale
Rullestoltilpasset WC
Servering
Nei
Sidevisninger
906